Hema Malini

Hema Malini (fødd 16. oktober 1948) er ein indisk skodespelar, regissør, produsent, dansar og politikar.[1]

Malini debuterte som filmskodespelar i 1962 i den tamilske filmen Ithu Sathiyam. Ho hadde si første større rolle i Sapno Ka Saudagar (1968), og spelte deretter i talrike Bollywood-filmar, hovudsakleg hovudroller. Hema Malini har spelt i over 150 filmar.[2] Ho har spelt i både komediar og drama, og har hatt fleire danseroller.[2][3][4] I dei fleste filmane spelte ho med ektemannen sin Dharmendra, Rajesh Khanna eller Dev Anand.[5]

Gjennom karrieren har Malini vore nominert til elleve Filmfare-prisar for beste kvinnelege skodespelar, og vann i 1973.[6] I 2000 vann ho Malini Filmfare Lifetime Achievement Award og blei også tildelt Padma Shri, den fjerde høgaste sivile utmerkinga i India.[7] I 2012 blei ho tildelt eit æresdoktorat av Sir Padampat Singhania University for bidraget sitt til indisk film.[8] Malini har vore formann for National Film Development Corporation.

Frå 2003 til 2009 var Malini innvald som medlem av Rajya Sabha, overhuset i det indiske parlamentet, som representant for Bharatiya Janata Party.[9] I 2014 blei ho vald inn i underhuset, Lok Sabha, frå Uttar Pradesh.

Hema Malini og døtrene Esha og Ahana dansar saman.

Hema Malini blei fødd i Ammankudi i dåverande Madras State, dagens Tamil Nadu. Ho gifta seg med skodespelaren Dharmendra i 1980.[10][11] Dharmendra var allereie gift med fleire barn, to av dei er blitt kjende som skodespelarane Sunny Deol og Bobby Deol. Malini og Dharmendra fekk to barn, Esha Deol (f. 1981), som også er Bollywood-skodespelar,[12] og Ahana Deol (f. 1985), som er assisterande regissør.[13][14][15]

Malini er opplært som bharatanatyam-dansar. Ho har også studert kuchipudi- og mohiniattam-dans. Ho har spelt ei rekkje danseroller, som Narasimha og Rama i ei tolking av Ramcharitmanas av Tulasidas.[16] I 2007 dansa ho i Mysurususserakvelde, der ho spelte rollene som Sati, Parvati og Durga.[17]

Malini er eigar av danseskulen Natyavihar Kalakendra i Mumbai.[18][19]

Døtrene hennar Esha Deol og Ahana Deol er opplærte i odissidans. Dei tre har opptredd saman i framsyninga Parampara i samband med veldedige tilstellingar.[20][21] Malini har også opptredd saman med døtrene ved Khajuraho Dance Festival.[22]

Copyright