Jerome Arnold

Jerome Arnold
Fødd 12. november 1936 (84 år)
Fødestad Chicago
Opphav USA
Instrument bass
Verka som musikar

Jerome Arnold (fødd 12. november 1936 som Romeo Maurice Arnold)[1] er ein amerikansk bassist, kjend for arbeidet sitt med Howlin' Wolf,[2] og The Paul Butterfield Blues Band i 1960-åra.[3]

Som opphavleg medlem av Butterfield band vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015.[4]

Han spelte på albuma The Paul Butterfield Blues Band og East-West. Han var medlem av The Butterfield Band på Newport Folk Festival i 1965, og var blant musikarane som spelte med Bob Dylan då han gjekk elektrisk på denne festivalen.[5]

Jerome Arnold er ein yngre bror av Billy Boy Arnold og munnspelspelaren Augustus «Gus» Arnold (som kring 1969 endra namn til «Julio Finn»).[6]

Copyright