Jim Broadbent

James "Jim" Broadbent (fødd 24. mai 1949) er ein prisløna engelsk skodespelar. Broadbent er kjend frå både teater og fjernsynsproduksjonar og er ein populær skodespelar i nyare filmar, særleg etter tusenårsskiftet.

Jim Broadbent voks opp i Lincolnshire, nordvest i England. Ei tvillingsyster av han døydde under fødselen. Begge foreldra hans var amatørskodespelarar; faren vart kjend for å gjera ei tidlegare metodistkyrkje om til eit teater som han oppkalla etter seg sjølv. I oppveksten gjekk han på ein kvekar-skule i Reading i Berkshire, før han tok til å studera ved London Academy of Music and Dramatic Art. Han vart uteksaminert herifrå i 1972, spelte ein del i teater før han filmdebuterte i 1978. Han har vore gift med Anastasia Lewis sidan 1987.

Jim Broadbents talent vart særleg oppdaga etter at han tok til å samarbeida med regissøren Mike Leigh i 1990. Dette samarbeidet resulterte m.a. i filmane Life Is Sweet (1990), Topsy-Turvy (1999) og Another Year (2010). [1] Han har også gjort flotte skodespelarprestasjonar i Bridget Jones-filmane, Moulin Rouge! (2001) og i rolla som professor Snilehorn i Harry Potter-filmane. I filmen Iris (2001) spela han den engelske skribenten John Bayley, ektemannen til hovudpersonen Iris som lir av Alzheimers sjukdom. For denne prestasjonen vann han Oscar-prisen for beste mannlege birolle i 2001. Seinare har han portrettert ektemannen til Margaret Thatcher i Jernkvinnen (2011), som også leid av Alzheimer på sine gamle år. Dette er ein sjukdom som Broadbent kjenner godt, sidan hans eiga mor døydde av Alzheimer i 1995. [2]

  • BAFTA-prisen for beste mannlege birolle i Moulin Rouge! (2001).
  • Oscar-prisen for beste mannlege birolle i Iris (2001).
  • Golden Globe-prisen for beste mannlege birolle i Iris (2001).
  • Emmy-prisen for beste mannlege rolle i fjernsynsserien The Street (2006).
  • BAFTA-prisen for beste mannlege rolle i fjernsynsfilmen Longford (2006).
  • Golden Globe-prisen for beste mannlege rolle for Longford (2006).
  • I 2002 vart Jim Broadbent tilbydd Den britiske imperieordenen, men nekta. Han grunngav dette med at det britiske imperiet ikkje var noko han ønskte å "feira", og at det fanst folk som ville fortena ordenen meir enn skodespelarar.
  • Jim Broadbent har også vorte nominert til Grammy-prisen (2004) for å ha lese inn Ole Brumm på plate.
  • 1981: Time Bandits - Compere
  • 1987: Superman IV: The Quest for Peace - Jean Pierre Dubois
  • 1990: Life Is Sweet - Andy
  • 1994: Bullets Over Broadway - Warner Purcell
  • 1995: Richard III - Hertugen av Buckingham
  • 1997: Frøken Smillas fornemmelse for snø - Dr. Lagermann
  • 1997: Lånerne - Pod Clock
  • 1999: Topsy-Turvy - William Schwenk Gilbert
  • 2001: Bridget Jones' dagbok - Bridgets far
  • 2001: Moulin Rouge! - Harold Zidler
  • 2001: Iris - John Bayley
  • 2002: Gangs of New York - William "Boss" Tweed
  • 2004: Jorden rundt på 80 dager - Lord Kelvin
  • 2004: Vanity Fair - Mr. Osborne
  • 2004: Vera Drake - Dommar
  • 2004: Bridget Jones: På randen - Bridgets far
  • 2005: Robotene - Madame Gasket (stemme)
  • 2005: Legenden om Narnia - Løven, heksa og klesskapet - Professor Kirke
  • 2006: Longford (fjernsynsfilm) - Lord Longford
  • 2006: The Street (fjernsynsserie) - Stan McDermott
  • 2007: Hot Fuzz - Frank Butterman
  • 2008: Indiana Jones og krystallhodeskallens rike - Dean Charles Stanforth
  • 2008: Inkheart - Fenoglio
  • 2009: The Young Victoria - Kong William
  • 2009: The Damned United - Sam Longson
  • 2009: Harry Potter og halvblodsprinsen - Professor Horatsion E. F. Snilehorn
  • 2010: Another Year - Tom
  • 2011: Harry Potter og dødstalismanene - del 2 - Professor Horatsion E. F. Snilehorn
  • 2011: Jernkvinnen - Denis Thatcher
  • 2012: Cloud Atlas - Kaptein Molyneux / Vyvyan Ayrs / Timothy Cavendish / ...

Fotnotar

Copyright