Johnny Winter

Johnny Winter
Johnny Winter.jpg
Winter i 2007
Fødd 23. februar 1944
Fødestad Beaumont i Texas i USA
Død 16. juli 2014 (70 år)
Dødsstad nær Zürich i Sveits
Fødenamn John Dawson Winter III
Opphav USA
Aktiv 1959–2014
Sjanger
Instrument
  • Synging
  • gitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
  • Columbia
  • Blue Sky
  • Alligator
  • Point Blank
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • produsent

John Dawson Winter III (23. februar 194416. juli 2014), kjend som Johnny Winter, var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, multiinstrumentalist og produsent. Han er mest kjend for høgenergisk bluesrock seint i 1960- og 1970-åra og produserte tre album som vann Grammyprisen for bluesartisten Muddy Waters. Etter tida med Waters spelte Winter sjølv inn fleire bluesalbum som vann Grammyprisar. I 1988 vart han innlemma i Blues Foundation Hall of Fame og i 2003 vart han av magasinet Rolling Stone rangert som den 100. beste gitaristen gjennom tidene.[1]

Johnny Winter vart fødd i Beaumont i Texas den 23. februar 1944.[2] Winter og den yngre broren Edgar (fødd 1946) vart begge i tidleg alder oppfordra til å spele musikk av foreldra.[2] Johnny og broren, som begge vart fødd med albinisme, byrja å spele i tidleg alder. Då han var ti år gammal spelte brørne i eit lokalt barneshow med Johnny på ukulele.

Platekarrieren hans byrja då han var 15 år gammal, då bandet Johnny and the Jammers gav ut singelen «School Day Blues» på eit selskap i Houston.[2] På denne tida fekk han sett konsertar med klassiske bluesartistar som Muddy Waters, B.B. King og Bobby Bland. Winter spelte stundom i lag med Roy Head and the Traits då dei spelte i Beaumont-området, og i 1967 spelte Winter inn ein singel med Traits: «Tramp» med «Parchman Farm» (Universal Records 30496). I 1968 gav han ut debutalbumet sitt The Progressive Blues ExperimentSonobeat Records i Austin.

Johnny Winter, Santa Monica Civic Auditorium, 1969

Winter slo igjennom i desember 1968 då Mike Bloomfield, som han møtte og jamma med i Chicago, inviterte han til å syngje og spele ein song på ein Bloomfield- og Al Kooper-konsert på Fillmore East i New York City. Representantar for Columbia Records (som hadde gjeve ut Bloomfield/Kooper/Stills-albumet Super Session) var på konserten. Winter spelte og song B.B. King sin «It's My Own Fault» til høg applaus, og eit par dagar seinare fekk han kontrakt med det som visstnok var det største forskotet i platehistoria på den tida - 600 000 dollar.[2]

Det første albumet til Winter på Columbia, Johnny Winter, vart spelt inn og utgjeve i 1969.[3] Det inneheld dei same musikarane som hadde spelt inn The Progressive Blues Experiment, bassisten Tommy Shannon og trommeslagaren Uncle John Turner, i tillegg til Edgar Winter på klaverinstrument og saksofon, og (for hans «Mean Mistreater») Willie Dixon på kontrabass og Big Walter Horton på munnspel. Albumet inneheldt eit par av det som skulle bli signaturlåtane til Winter, mellom andre «Dallas» (ein akustisk blues, der Winter spelte ein resonatorgitar med stålkasse), John Lee «Sonny Boy» Williamson sin «Good Morning Little School Girl» og B.B. King sin «Be Careful with a Fool».[3]

Albbumet kom ut samstundes med at Imperial Records gav ut The Progressive Blues Experiment for ein større distribusjon.[4] Same året turnerte Winter-trioen og spelte på fleire rockefestivalar, inkludert Woodstockfestivalen.[4] Med broren Edgar i gruppa gav Winter ut det andre albumet sitt, Second Winter, i Nashville i 1969.[5] Albumet var dobbelt, men inneheldt berre tre sider med musikk (den fjerde var blank), og introduserte fleire songar som vart faste på konertane ti Winter, som Chuck Berry sin «Johnny B. Goode» og Bob Dylan sin «Highway 61 Revisited».[5] På denne tida var Johnny òg i eit intimt, men kortvarig forhold med Janis Joplin, som kulminerte med ein konsert i Madison Square Garden i New York, der Winter var med på scenen og spelte.[2]

I motsetnad til segnene spelte ikkje Johnny Winter med Jimi Hendrix og Jim Morrison på eit kjent piratkopialbum av Hendrix frå 1968, Woke up this Morning and Found Myself Dead.[6]

Frå 1969 vart det første v fleire Johnny Winter-album gjevne ut, sett saman av kring femten singlar (om lag 30 songar) han spelte inn før han fekk kontrakt med Columbia i 1969.[2] Mange var produserte av Roy Ames, eigaren av Home Cooking Records/Clarity Music Publishing, som ei kort stund var manager for Winter. I følgje ein artikkel frå Houston Press, reiste Winter frå byen for å kome seg bort frå manageren. Ames døydde 14. august 2003 og utan arvingar har eigarskapen til til innspelingane som Ames rådde over vore uklår.

I 1970, då broren Edgar gav ut soloalbumet Entrance og skipa R&B- og jazzrockgruppa Edgar Winter's White Trash, vart den originale trioen oppløyst.[4] Johnny Winter skipa så eit nytt band med restane av The McCoys — gitaristen Rick Derringer, bassisten Randy Jo Hobbs og trommeslagaren Randy Z (som var bror til Derringer med familienamnet deira Zehringer). Bandet skulle opphavleg kallast «Johnny Winter and the McCoys», men vart forkorta til «Johnny Winter And», som òg vart namnet på det første albumet deira.[2] Albumet inkluderte Derringer sin «Rock and Roll, Hoochie Koo» og signaliserte ei meir rockeprega retning for Winter.[7] Då Johnny Winter And byrja å turnere vart Randy Z erstatta på trommer av Bobby Caldwell. Blandinga deira av nye rockesongar og Winter sine bluessongar vart tekne opp og gjevne ut på konsertalbumet Live Johnny Winter And. Dette inneheldt ei framføring av «It's My Own Fault», songen som Winter skaffa seg kontrakt med hos Columbia Records.

Drivkrafta til Winter stoppa opp då han byrja med herionmisbruk i tida kring Johnny Winter And. Etter å ha søkt behandling og kome seg ut av misbruket, snakka Winter open om misbruket sitt i pressa.[2] I 1973 var han attende i musikkindustrien med Still Alive and Well, ei grunnleggjande blanding av blues og hardrock, der tittelsporet vart skriven av Rick Derringer. Comebackkonserten hans i Nassau Coliseum på på Long Island ved New York bestod av «And»-besetninga utanom Rick Derringer og Bobby Caldwell. Med seg på scenen hadde Winter òg kona Susie. Saints & Sinners og John Dawson Winter III, to album som kom ut i 1974, fortsette i den same retninga.[8] I 1975 vendte Winter attende til Bogalusa i Louisiana for å produsere eit album for Thunderhead, eit Southern rock-band som bestod av Pat Rush og Bobby «T» Torello, som seinare spelte med Winter.[9] Eit nytt konsertalbum, Captured Live!, kom ut i 1976 med ein lengre versjon av «Highway 61 Revisited».[10]

På konsertane sine har Winter ofte fortalt om korleis han som barn drøymde om å spele med bluesgitaristen Muddy Waters. Han fekk sjansen i 1974 då kjende bluesartistar og den yngre garden av bluesartistar kom saman for å heidre Muddy Waters for å ha ført bluesen til Chicago, og konserten som følgde presenterte mange bluesklassikarar og var starten for ein TV-serie, Soundstage. I 1977 etter at det langvarige selskapet til Waters, Chess Records, vart lagt ned,[2] henta Winter Waters til studio for å spele inn Hard Again for Blue Sky Records, eit selskap som manageren til Winter sette opp og som vart distribuert av Columbia.[11] I tillegg til å produsere albumet, spelte Winter gitar med Waters-veteranen James Cotton på munnspel. Winter produserte to studioalbum til for Waters, I'm Ready (med Big Walter Horton på munnspel) og King Bee , og eit bestseljande konsertalbum Muddy «Mississippi» Waters – Live.[11] Partnarskapen gav Waters tre Grammyprisar, i tillegg til at Winter fekk sin eigen for Nothin' But the Blues, med bandet til Waters som akkompagnement.

I 1996 saksøkte Johnny og Edgar DC Comics og skaparane av Jonah Hex: Riders of the Worm and Such på grunn av ærekrenking: to karakterar kalla Johnny og Edgar Autumn i serien liknar mykje på Winter-brørne. Brørne hevda av teikneserien feilaktig framstilte dei som «skammelege, demoraliserte, dumme, feige undermenneske som dreiv med omsynslaus vald, mord og bestialitet for glede».[12] Høgsteretten i California dømde i favør DC Comics fordi dei meinte teikenserien var underlagt First Amendment (det første lovtillegget).[13]

Woodstock Reunion på Parr Meadows i Ridge i New York i 1979

Etter tida med Blue Sky Records, byrja Winter å gje ut musikk for fleire selskap, inkludert Alligator, Point Blank og Virgin, der han fokuserte mest på blues.[2] I 1992 gifta han seg med Susan Warford.[14] I 2004 fekk han ein Grammy-nominasjon for albumet I'm a Bluesman. Frå 2007 gav Winter ut ei rekkje konsertalbum kalla Live Bootleg Series og ein konsert-DVD som alle gjekk inn på topp ti på Billboard Blues-lista. I 2009 kom albumet The Woodstock Experience ut med dei åtte songane Winter spelte på festivalen i 1969. I 2011 gav Winter ut RootsMegaforce Records. Det bestod av elleve tidlege rock and roll- og bluessongar med fleire gjesteartistar, som Vince Gill, Sonny Landreth, Susan Tedeschi, Edgar Winter, Warren Haynes og Derek Trucks). Det siste studioalbumet hans, Step Back (med framføringar av Joe Bonamassa, Eric Clapton, Billy Gibbons, Leslie West, Brian Setzer, Dr. John, Paul Nelson, Ben Harper og Joe Perry), kom ut 2. september 2014. Nelson og Winter vann ein Grammy for beste bluesalbum med albumet i 2015.

Winter fortsette å spele konsertar, mellom anna på festivalar i Nord-Amerika og Europa. Han spelte òg med The Allman BrothersBeacon Theater i New York City i høve 40-årsjubileet deira. I 2007 og 2010 spelte Winter på Eric Clapton sin Crossroads Guitar Festival. Han gav ut to opplærings-DVD-ar for gitar. Gibson Guitar Company skapte ein signatur Johnny Winter Firebird-gitar.

Winter var aktiv fram til han døydde nær Zürih i Sveits den 16. juli 2014.[15] Han vart funnen død på hotellrommet sitt to dagar etter den siste konserten, i Cahors Blues Festival i Frankrike den 14. juli, 70 år gammal.[16] Dødsårsaka til Winter er ikkje blitt gjord offentleg kjend.[17] I følgje gitaristvenen og produsenten Paul Nelson, døydde Winter av emfysem kombinert med lungebetennelse.[18]

David Marchese skreiv i Rolling Stone etter Winter døydde: «Winter var ein av dei første gitarvirtuosane innan bluesrocken og gav ut ei rekkj populære og lidenskaplege album seint i 60- og tidleg i 70-åra, og vart ein populær konsertartist på arenanivå ... han skapte seg eit ikonisk liv med å spele blues.[19]

Studioalbum

  • The Progressive Blues Experiment (Sonobeat 1968, gjeve ut på ny av UA/Imperial 1969)
  • Johnny Winter (Columbia 1969)
  • Second Winter (Columbia 1969)
  • Johnny Winter And (Columbia 1970)
  • Still Alive and Well (Columbia 1973)
  • Saints & Sinners (Columbia 1974)
  • John Dawson Winter III (Columbia 1974)
  • Nothin' but the Blues (Blue Sky 1977)
  • White, Hot and Blue (Blue Sky 1978)
  • Raisin' Cain (Blue Sky 1980)
  • Guitar Slinger (Alligator 1984)
  • Serious Business (Alligator 1985)
  • Third Degree (Alligator 1986)
  • The Winter of '88 (MCA/Voyager 1988)
  • Let Me In (Point Blank 1991)
  • Hey, Where's Your Brother? (Point Blank 1992)
  • I'm a Bluesman (Virgin 2004)
  • Roots (Megaforce 2011)
  • Step Back (Megaforce 2014)

Konsertalbum

  • Live Johnny Winter And (Columbia 1971)
  • Captured Live! (Blue Sky 1976)
  • Together (Blue Sky 1976) – med Edgar Winter
  • Live in NYC '97 (Virgin 1998)
  • The Woodstock Experience (Sony/Legacy 2009)
  • Live at the Fillmore East 10/3/70 (Collectors' Choice 2010)

Copyright