Klaus Hagerup

Klaus Hagerup (5. mars 194620. desember 2018) var ein norsk forfattar, skodespelar og regissør. Han debuterte med diktsamlinga Slik tenker jeg på dere i 1969. Han arbeidde ved Den Nationale Scene (1968–1969). Seinare arbeidde han mellom anna ved Nationaltheatret og Hålogaland Teater, både som skodespelar, instruktør, dramaturg og forfattar. Han spela òg i spelefilmar, men var sidan mest kjend som dramatikar for høyrespel for radio og teater i tillegg til å vera ungdomsbok-forfattar med ei rad populære titlar. I 1988 skreiv han biografien Alt er så nær meg om mor si, diktaren Inger Hagerup. Klaus Hagerup har motteke fleire litterære prisar for bøkene sine.

Klaus Hagerup var son av diktaren Inger Hagerup, bror til forfattaren Helge Hagerup og far til forfattaren Hilde Hagerup.

Filmografi

  • Måker (1990)

Copyright