Paul Butterfield

Paul Butterfield
Paul Butterfield 79.jpg
Butterfield på Woodstock Reunion 1979
Fødd 17. desember 1942(1942-12-17)[1]
Fødestad Chicago i Illinois[1]
Død 4. mai 1987 (44 år)[2]
Dødsstad North Hollywood i California[2]
Fødenamn Paul Vaughn Butterfield[1]
Opphav USA
Aktiv 1963–1987
Sjanger
Instrument
  • Munnspel
  • vokal
Tilknytte artistar
  • The Paul Butterfield Blues Band
  • Paul Butterfield's Better Days
Plateselskap
Verka som Musikar

Paul Vaughn Butterfield (17. desember 19424. mai 1987) var ein USA-amerikansk bluesmunnspelspelar og songar. Etter å ha spelt klassisk fløyte i ungdomen, utvikla han ei interesse for bluesmunnspel. Han utforska bluesmiljøet i heimbyen Chicago, der han møtte Muddy Waters og andre blueslegender, som oppfordra han og let han få spele med dei. Han byrja etter kort tid å spele fast med bluesentusiastane Nick Gravenites og Elvin Bishop.

I 1963 skipa han The Paul Butterfield Blues Band, som spelte inn fleire suksessrike album og vart populære på festivalane seint i 1960-åra, med konsertar i Fillmore West i San Francisco; Fillmore East i New York City; Monterey Pop Festival og Woodstockfestivalen. Bandet var kjend for å kombinere elektrisk Chicago blues med rock og for å vere pionerar innan jazzfusion. Etter at bandet vart oppløyst i 1971, fortsette Butterfield å turnere og spele med bandet Paul Butterfield's Better Days, med mentoren Muddy Waters og medlemmar av gruppa The Band. Butterfield var framleis aktiv som plate- og konsertartist då han i 1987, 44 år gammal, døydde av ein heroinoverdose.

Musikkskribentar har trekt fram utviklinga hans av ein original spelestil som plasserer han blant dei mest kjende bluesmunnspelspelarane. I 2006 vart han innlemma i Blues Hall of Fame. Butterfield og tidlege medlemmar av The Paul Butterfield Blues Band vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015. Begge panela trekte fram dugleiken hans på munnspel og bidraga hans til å bringe bluesmusikken ut til eit yngre og breiare publikum.

Studioalbum

  • Better Days (1973) (av Paul Butterfield's Better Days)
  • It All Comes Back (1973) (av Paul Butterfield's Better Days)
  • Put It in Your Ear (1976)
  • North-South (1981)
  • The Legendary Paul Butterfield Rides Again (1986)

Konsertalbum

  • Live (1970)
  • Strawberry Jam (1996, innspelt 1966–1968)
  • East-West Live (1996, innspelt 1966–1967)
  • Live at Unicorn Coffee House (utgjeve med fleire titlar og datoar, innspelt som piratkopi 1966)
  • Live at Winterland Ballroom, Paul Butterfield's Better Days (1999, innspelt 1973)
  • Rockpalast: Blues Rock Legends, Vol. 2, Paul Butterfield Band (2008, innspelt 1978)
  • Live at the Lone Star, Rick Danko, Richard Manuel & Paul Butterfield (2011, innspelt 1984)

Som studiomusikar

Hyllestalbum

  • A Tribute to Paul Butterfield', Robben Ford and the Ford Blues Band (2001)
  • The Butterfield/Bloomfield Concert, The Ford Blues Band, med Robben Ford og Chris Cain (2006)

Copyright